Tiltak for barn, unge og familiar

Denne sida er under utarbeiding. Dersom du har spørsmål om dei ulike tiltaka Kvinnherad kommune har til barn, unge og familiar kan du ta kontakt med Kvinnherad kommune sitt sentralbord på tlf nr 53 48 31 00, Eining for barn og famile på tlf nr 53 46 16 90 eller koordinerande eining på tlf nr 53 48 31 00 for hjelp vidare.

Tiltak for ungdom

Utekontakt:

Utekontakten er ei kommunal teneste for ungdom. Du kan ta kontakt med oss når du ynskjer nokon å prata med, eller om du skulle trenga rettleiing, råd og hjelp. Utekontakten held til i ungdomssenteret. Inngang på nedsida av kulturhuset på Husnes.

Kontaktinfo:
Utekontaktar: Britt Irene Lie og Heidi Jakobsen

Telefonnr.: 90 16 06 12
e-post: kk_utekontakten@kvinnherad.kommune.no
Adresse: Postboks 36, 5480 Husnes

Opningstider Utekontakten:
Måndag: Kl 08.30 – 22.00
Tysdag: Kl 15.00 – 22.00
Onsdag: Kl 14.30 – 22.00
Torsdag og fredag: Kl 08.30 – 15.30

Meir informasjon: Utekontakten

 

Helsestasjon for ungdom:

Helsestasjon for ungdom (HFU) er eit tilbod til jenter og gutar mellom 13 og 20 år. Tilbodet er gratis, og ein treng ikkje bestilla time. Helsestasjon for ungdom held til på Husnes helsestasjon kvar torsdag frå klokka 14-16.

På helsestasjon for ungdom treff ein helsesøster, jordmor, lege og psykolog. Her kan ein få svar på spørsmål om kropp, sex og kjensle. Mange ungdommar oppsøkjer helsestasjon for ungdom for å snakke om prevensjon, graviditet, abort, etevanskar, depresjon, sorg, einsamheit, vanskelege familieforhold, rus, vald, overgrep og mobbing. Ein kan også få tatt klamydiaprøve her.

Meir informasjon på Kvinnherad kommune si heimeside: Helsestasjon for ungdom

 

Kvinnherad ungdomssenter/ Rosendal ungdomsklubb:

Kvinnherad Ungdomssenter vert til dagleg kalla US mellom ungdomane, og held til i første etasje på Kulturhuset Husnes. Kvinnherad Ungdomssenter er på facebook .

Ope:
Mandag, onsdag, fredag og søndag frå kl 18.00 – 22.30.
(Om sommaren er det stengt på søndagane)

Rosendal ungdomsklubb vert til dagleg kalla UK mellom ungdomane, men er og kjent under navnet Exit.

Ope:
Torsdag frå kl 18.00 – 22.30.
(Om sommaren er det stengt)

Tilboda er rusfrie samlingsplassar for ungdom fra 8-klasse og oppover, med aktiviteter som biljard, bordtennis, musikkverkstad, hobbyrom, jenterom, kjøkken og eigen båt til bruk i Opsangervatnet

Kontakt
Geir Remme
Tlf. 901 60 615
Rita Johansen
Tlf. 970 08 386

Meir informasjon på Kvinnherad kommune si heimeside:  Ungdomsklubbar

 

OT/PPT:

Oppfølgingstenesta (OT) arbeider for ungdom i alderen 16-21 år som står utanfor vidaregåande opplæring.

Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) samarbeider med skulane og lærebedrifter for å førebyggje fråfall og medverke til at elevar og lærlingar får ei best mogleg gjennomføring av vidaregåande opplæring

Meir informasjon : https://www.hordaland.no/nn-NO/utdanning/otppt/

 

Ungdomsteam NAV Kvinnherad:

NAV Kvinnherad har ungdomsteam for unge mellom 16 – 30 år. Her kan ein få råd og rettleiing kring arbeid/aktivitet, utdanning og økonomi.

Det er eigne ungdomsrettleiarar for ungdom i aldergruppa frå 22 og opp til 30 år.

Ungdomskontakt er for den yngste aldersgruppa, for ungdom mellom 16 – 22 år. Ungdomskontakten er å finne ved Kvinnherad Vidaregåande skule første onsdagen i månaden, der ho tek i mot spørsmål frå elevar ved skulen. Ungdomskontakten jobbar tett i saman med OT og Fagopplæringskontoret for å finne gode løysningar for ungdom.

Ein kan ta kontakt for å avtale samtaletid ved å ringje telefon: 55 55 33 33 eller ta ein tur innom NAV kontoret.

NAV Kvinnherad har lokaler i Husnes sentrum og har desse opningstidene:

  • Måndag:         kl 12.00 – 14.00
  • Tysdag:           kl 12.00 – 14.00
  • Torsdag:         kl 12.00 – 14.00
  • Fredag:           kl 12.00 – 14.00

For meir informasjon, sjå nettsider: www.nav.no

Foreldrerettleiing

Ønskjer du hjelp?

Har du;

  • Uro for barnet ditt?
  • Utfordringar i parforhold eller familie?
  • Utfordringar i foreldresamarbeid?
  • Eigne utfordringar som kan gå utover barnet ditt?

Det er mange grunnar til at ein i periodar i livet har behov for litt rettleiing og støtte til ivarataking av born. Dersom du ønskjer meir informasjon om kva bistand og hjelp du kan få, kan du vende deg til Eining Barn og familie på telefon 53 46 16 90.

I Kvinnherad kommune er dei fleste tenestene til barn, unge og deira familiar samla hos eining Barn og familie. Vi tilbyr samtaler til barn, ungdom og foreldre, par og familiar som ønsker rettleiing i samband med utfordringar de opplever i livet. Dette gjelder både familiar som bur saman og dei med to heimar. Vi har også mestringsgrupper for barn av psykisk sjuke og/eller rusavhengige.

Du møter fagfolk med kompetanse på foreldrerettleiing, og tenestene vi tilbyr, vil i størst mogleg grad bli tilpassa dine behov. Eksempel på verktøy vi tilbyr, er:

Parent Management Training (Oregon) – PMTO: Tilbyr råd og rettleiing til foreldre med barn i alderen 3 – 12 år, som har utviklet, eller står i fare for å utvikle åtferdsvanskar. PMTO er et tilbod til foreldre som ønsker å lære nye foreldreferdigheter som styrker samarbeidet med barnet.

Circle of Security – foreldrerettleiingskurs. Mange foreldre synes det er utfordrande å gi barna sine trygghet og god oppvekst. Foreldrerettleiingskurset Circle of Security (COS), tryggleikssirkelen, skal gi dykk som foreldre verktøy til å forstå betre kva behov barn har, kva signal dei gir og kva vi kan gjere for å møte behova betre.

Marte Meo – foreldrerettleiing – Metode for å styrke og utvikle samspelet mellom foreldre og barn. Målet er å gi hjelp til sjølvhjelp.

Rettleiing barnehage - skule

PPT:

Pedagogisk Psykologisk teneste skal bidra til at barn og vaksne med særskilde behov vert sikra gode utviklings- og opplæringstilhøve. Tenesta er ein del av Eininga Barn og familie.

http://www.kvinnherad.kommune.no/ppt.433550.nn.html

 

Individuell plan og koordinator

Ein person med behov for langvarige og koordinerte tenester kan ha behov for bistand på fleire livsområder. Individuell plan er eit felles verktøy på tvers av fagområder.

Indivuduelle opplæringsplanar, behandlingsplanar, treningsprogram med meir, kan inngå som del av den individuelle planen. Ein har rett til å delta i arbeidet med eigen individuell plan og det skal leggast til rette for dette jf pasient- og brukar rettighetslova § 3-1. Pårørande skal trekkast inn i arbeidet i den utstrekning pasient, brukar og pårørande ynskjer det.

Føremålet med individuell plan og koordinator, jfr forskrift om habilitering og rehabilitering, inviduell plan og koordinator §1, er å

  • sikre at pasient og brukar får eit heilhetleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod
  • sikre pasient og brukar sinn medverknad og innflytelse
  • styrke samhandlinga mellom tenesteytar, pasient, brukar og eventuelt pårørande
  • styrke samhandlinga mellom tenesteytarar på tvers av fag, nivå og sektorar

Å koordinere betyr «å få til å verke saman». Med dette meinast å sjå tenester i samanheng for å oppnå heilhet og samanheng i tilbodet.

Koordinator er ein tenesteytar som skal sikre naudsynt oppfølging og samordning av tenestetilbod samt framdrift i arbeidet med individuell plan. Koordinator vert oppnevnt i samband med individuell plan, men skal også verta tilbydd sjølv om vedkommande takkar nei til individuell plan. Føremålet med koordinator er det same som for individuell plan.

For meir informasjon om individuell plan og koordinator les Om individuell plan og koordinator – formål og rettigheter

 

Støttesamtalar

Alle har en psykisk helse. Det er mange ulike årsaker til at barn og unge kan ha behov for samtalar og støtte i periodar i livet. Nokre barn treng støtte frå einskilde tenester, medan andre vil ha behov for meir omfattande hjelpetilbod. Kommunen har ulike tilbod om støttesamtaler til barn, ungdom og foreldre.

Du møter fagfolk med kompetanse på å møte barn og unge som opplever ulike utfordringar i livet, og tenestene vi tilbyr, vil i størst mogleg grad bli tilpassa dine behov.

Dersom du ønskjer meir informasjon om kva bistand og hjelp du kan få, kan du vende deg til Eining Barn og familie på telefon 53 46 16 90. Du kan i tillegg få hjelp til informasjon ved å vende deg til lærar,  helsesøster, helsestasjon for ungdom, eller andre vaksne du har tillit til.

Kontakt
Sturla Helland, psykolog
Tlf. 53 46 17 84 / /970 24 320
Anne Margrethe Matre Vangsnes, psykisk helsearbeidar for barn og unge
Tlf. 53 46 16 27 / 416 54 603

Sigurd Naterstad, Barne- og ungdomsrådgivar (Ungdomslos) – tek til i stillinga 13.august 2018

Siv Karin Stensletten, Familierettleiar – tek til i stillinga 13.august

http://www.kvinnherad.kommune.no/psykisk-helsearbeid-for-barn-og-unge.433621.nn.html

Pasient- og pårørandeopplæring

Helsepersonell bør tilby tilpassa opplæring, individuell rettleiing og rådgjeving til pårørande med oppfølging- og omsorgsoppgåver for personar med langvarig sjukdom, skade eller nedsatt funksjonsevne.

Ein skal ta utgangspunkt i den enkelte familie sine behov for støttetiltak. Ulike pårørande i same familie kan ha ulike behov med tanke på å klare å meistre situasjonen så godt som mogeleg. For nokon pårørande vil det vera tilstrekkeleg med tiltak i form av avgrensa kunnskapsformidling td i ei gruppe, medan andre vil ha behov for regelmessig individuell rådgjeving.

Opplæring kan gjevast både av spesialisthelsetenesta eller komunen. Den kan gjevast individuelt eller i grupper, med eller utan pasienten eller brukaren til stades. Ulike tema vil vera aktuelle på ulike tidspunkt.

Aktuelle tema for opplæring er;

  • Hjelpeapparat, rettighetar og støtteordningar
  • Vanlege reaksjonar og meistringsstrategiar hos pårørande
  • Meistring av livssituasjonar ved langvarig sjukdom. Ulike behov på ulike tidspunkt
  • Sjukdom, behandling og oppfølging
  • Kommunikasjon og samhandling
  • Kunnskap om ivaretaking av eiga helse, parforhold og foreldrefunksjon
  • Barn og unge som pårørande
  • informasjon om ulike opplæringstilbod

Pårørande bør også få tilbod om individuell rettleiing og rådgjeving ved behov. Rettleiing bør føregå regelmessig og ta utgangspunkt i situasjonen slik pårørande opplever den.

Ta kontakt med fastlege eller helsesøster for samtale kring behov for pasient- og pårørandeopplæring. Kontaktinformasjon til ulike helsetenester finn du her: Helsetenester

Les meir om barn som pårørande.

Les om Kvinnherad kommune sine ulike kurs- og aktivitetstilbod og friskliv, læring og meistring på heimesida til kommunen.

Les om kommune sine tilbod innan avlastning og støtte  

Les om kommunen sitt tilbod innan helse og omsorgstenester i heimen

 

 

 

 

 

Avlastande tenester

Avlastande tenester

Eining Barn og familie yter tiltak etter lov om Helse og omsorgstenester til barn, unge og deira familiar.

Målgruppe
Barn og unge under 18 år med nedsett funksjonsevne.

Hjelpetiltak
Støttetiltak til familiar med omfattande omsorgsoppgåver blant anna:

  • Avlasting i privat heim eller institusjon
  • Omsorgsstønad
  • Støttekontakt

Søknad om støttetiltak skal sendast til eining Barn og familie.

 Kontakt
Tlf. 53 46 16 90
Postadresse: Kvinnherad kommune, Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Besøksadresse: Barn og familie, Husnestunet, Stølshaugvegen 5, 5460 Husnes
E-post

Konsulent for barn og unge med fuksjonsvanskar
Bodil Guddal Bjørke
Tlf. 917 37 928

Tiltak og ressursar
Vigdis Gammelsæther
Tlf. 90607896

Einingsleiar
Monika Høyer Haugland
Tlf. 478 44 074