I vår kommune finst det fleire å snakka med om bekymringar, tankar, kjensler og trivsel. Med andre ord skal du alltid finna nokon å snakke med om kva som helst, anten det gjeld deg sjølv, ein ven eller nokon i familien.
Gjerne kan du snakka med ein av foreldra dine? Eller om du har god kontakt med ein lærar, eller ein anna vaksen, kan han eller ho hjelpe deg direkte eller finna rett teneste til akkurat det du treng. Alle som arbeidar med barn og unge i kommunen har teieplikt og du skal vite om det dersom det er behov for å involvere andre.
Les meir om dei ulike tenestene i vår kommune.
Alarmtelefonen for barn og unge: www.116111.no
Chatteteneste for deg som har mor eller far, eller andre du bryr deg om med rusproblem: www.barsnakk.no
Fleire aktuelle nettsider her: Aktuelle lenker