Når barn og unge treng hjelp
Det skal vera trygt og godt å veksa opp i Kvinnherad. Av og til oppstår likevel utfordringar som gjer at ikkje alle har det så bra. I vår kommune følgjer me BTI-modellen for å sikre at barn og unge får den hjelpa dei treng.
Er du bekymra for eit barn eller ein ungdom? Anten uroa er sterk eller svak – gjer noko med det!
Har du ei bekymring for eit barn eller ein ungdom?
I vår kommune tar me alle bekymringar som gjeld barn og unge like alvorleg. Har du uro for eit barn eller ein ungdom, for eksempel i familien din, venekretsen eller nabolaget, kan du ta kontakt med alle i kommunen som arbeider med barn. Det kan vere lærar/rektor, tilsett i offentleg eller privat barnehage, helsesøster, utekontakt eller SLT-koordinator. Du kan og kontakte kommunen sentralt.
Slik kan du bidra til at barnet får den oppfølginga det treng.
Er du forelder? Kanskje du finn noko nyttig informasjon her: Foreldrehverdag.
Les meir her: Kvifor tidleg innsats og Barn som pårørande.
Les meir om dei ulike tenestene i vår kommune.
Fleire aktuelle nettsider her: Aktuelle lenker
Tilbod i vår kommune
Helsestasjon
53 46 16 90PPT
53 46 16 20Ungdomsteam
53 46 16 90SLT-koordinator
53 46 16 90Sentralbord, Rådhuset
53 48 31 00Barnevernstenesta
53 46 16 90Barnevernsvakta i Kvinnherad kommune
97 61 01 00Legevakt
116 117Familieteam
53 46 16 90
Ved mistanke om vald eller overgrep skal du ta direkte kontakt med Politi 112 eller Barnevernsvakta i Kvinnherad 97 61 01 00