Barn som pårørande

Familielivet består av store og små hendingar som kan gjere at familien treng oppfølging på ulike vis. Somme familiar opplever akutt eller langvarig sjukdom, rusmisbruk, dødsfall, langvarig arbeidsløyse, økonomiske utfordringar eller samlivsbrot. Fleire barn enn me trur opplever å vera vitne til vald i familien og somme har føresette som sit i fengsel.

Dei fleste barn som er pårørande vert godt ivaretekne og klarar seg bra. Likevel er det somme som utviklar eigne problem. Desse kan melde seg i oppveksten eller bli synlege når barna vert vaksne. Barn som opplever store belastningar i oppveksten kan utvikle angst, depresjon, åtferdsvanskar, konsetrasjonsvanskar og har større sjanse for fråfall i skule og utdanning.

Ein veit at dersom barnet/ungdommen vert utsett for fleire belastningar samstundes, aukar sjansane for at barnet/ungdommen utviklar eigne problem.

Familiar i utfordrande livssituasjonar

Dersom familien opplever ein akutt eller langvarig situasjon kan ein ha rett på hjelp frå kommunen. Sjå informasjon under Tenester for barn, unge og familiar og Tiltak for barn, unge og familiar 

 

Informasjon er viktig

Barn og unge treng informasjon tilpassa alder og modning. Forståing bidreg til å skape tryggleik for barna. Dette er med på å førebyggje at barn/ungdom utviklar eigne problem. Ofte kan det vera nyttig med fleire samtalar då det ofte dukkar opp spørsmål etterkvart. Studiar visar at barna ynskjer å få første informasjon hos sine føresette, og deretter få mulighet for å få meir informasjon hos/stilla spørsmål til fagpersonar.

Råd når ein skal førebu seg til samtale med barnet/ungdommen:

  • Tenk gjennom kva barnet/ungdommen treng å får vite.
  • Tenk gjennom kva du vil sei og kva du evt ikkje vil sei
  • Bruk ord og omgrep som barnet/ungdommen forstår
  • Førebu svar på vanskelege tema og spørsmål

Det er viktig at barnet/ungdommen får snakke fritt om sine erfaringar, og at dei vert oppmuntra til å stille dei spørsmåla dei har.

 

Informasjon til dei som møter barnet i kvardagen

Ein tilrår at barn, så langt som råd er, har ein  forutsigbar kvardag. Dei treng å gå på skulen, i barnehage, vera saman med vener og delta på fritidsaktivitetar. Desse stadene kan fungere som fristad i ein vanskeleg situasjon men kan også vera stader der ei evt belastning heime kjem til uttrykk.

For at barnet skal ha ein trygg og god kvardag, er det viktig at dei som møter barnet i barnehagen, på skulen og i nærmiljøet har tilstrekkeleg informasjon om barnet sin situasjon slik at dei kan bidra med nødvendig oppfølging og støtte. På denne måten kan dei forstå barnet sine reaksjonar og møta barnet på ein god måte.

Avhengig av alder og modning har barn rett til å bli høyrt og teke omsyn til når det gjeld kven som bør få nødvendig informasjon.

Dersom ein er usikker på korleis ein best kan gje slik informasjon kan ein ta kontakt med fastlege eller helsesøster. Desse vil kunne bistå i dette. Det skal alltid føreligge signert samtykke frå føresette før slik informasjon kan bli gitt.

Lenke til samtykkeskjema: Samtykke til utveksling av informasjon og Rettleiar for regelverk rundt samtykke

Les meir om barn som pårørande:

Når barn blir pårørende 

Pårørendesenteret

Veiledningsenteret for pårørende

Sjå også informasjon frå spesialisthelsetenesta her; https://helse-fonna.no/barn-som-parorande

 

Kva må du tenkje på som tilsett

Stortinget vedtok 19.juni 2009 endringar i helsepersonelllova og lov om spesialisthelsetenesta for å sikre at helsepersonell skal identifisere og ivareta det informasjons- og oppfølgingsbehovet mindreårige barn som pårørande har.

Helsepersonell skal bidra til å dekka behovet for informasjon og naudsynt oppfølging mindreårige barn eller søsken av pasient med psykisk sjukdom, rusmiddelavhengighet eller alvorlig somatisk sjukdom eller skade, kan ha som følge av føresette eller søsken sin tilstand. Føremålet med reglane er å sikra at barna vert fanga opp tidleg, og at det vert sett i gong prosessar som set barn og føresette betre i stand til å meistre situasjonen. Vidare er føremålet å førebyggje problem hos barn og unge. Reglande gjeld både for helsepersonell i spesialisthelsetenesta, kommunehelsetenesta og private helsetenster.

Les meir om dette: Rundskriv Barn som pårørande

Andre tilsette i kommunen er også pålagt å handle dersom ein opplever ei bekymring knytt til eit barn eller ein ungdom, sjølv om ein i utgangspunktet har kontakt med dei føresette.

 

Samtykke 

Ein skal som tilsett alltid ha signert samtykke før ein kan informere pårørande eller andre om pasienten/brukaren/familien sin aktuell situasjon. Ein kan likevel gje generell informasjon utan samtykke. Som helsepersonell skal ein alltid gje tilbod om generell informasjon til pårørande.

Lenke til samtykkeskjema: Samtykke til utveksling av informasjon

Meir informasjon om samtykke: Rettleiar for regelverk rundt samtykke

 

Informasjon og støtte til barn og ungdom som pårørande når samtykke føreligg

Ein skal søke å avklare situasjon og behov ved kvart einskild tilfelle. Barn og unge i samme familie kan også har ulike behov. Ei slik avklaring får ein gjennom samtale med pasienten/brukaren og evt den andre med foreldreansvar/andre med omsorg for barnet/ungdommen. Ein skal bidra til at pasienten/foreldra høyrer på og legg vekt på barnet/ungdommen si meining i tråd med barnet sin alder og modning. Dersom samtykke føreligg til det kan helsepersonell, etter ei vurdering av det beste for barnet/ungdommen, tilby desse å ta del i ein samtale.

Korleis forløpet skal vera her kjem an på om situasjonen er akutt eller om det er snakk om planlagde og langvarige behandlingsforløp. Ved aktutte høve skal helsepersonell alltid forsikre seg om at barn har tilsyn og omsorg av anna vaksen. Helsepersonell skal, så langt det er mogeleg, avklare med pasienten at andre tek hand om barnet/ungdommen og om omsorgssituasjonen er tilfredsstillande.

Det ein skal søkje å avklare er:

  • Er foreldra i stand til bistå barnet eller ungdommen med problem og belastningar?
  • Får barnet eller ungdommen tilstrekkeleg følelsesmessig støtte, oppfølging og trygghet ut frå alder og utvikling og den aktuelle situasjonen?
  • Korleis er dagleglivet for barnet eller ungdommen organisert og ivaretatt med omsyn til struktur og rutinar?
  • Ved sjukdom, funksjonsnedsettelsar eller spesielle behov hos barnet eller ungdommen, kva er eksisterande hjelpetiltak eller kontakt med hjelpeinstansar?
  • Tek vaksne ansvar for praktiske oppgåver i heimen?
  • Tek vaksne ansvar for omsorgsoppgåver for den sjuke?

Ein skal vidare avklare kva informasjon og oppfølging barn som pårørande treng. I enkelte høve kan det vera behov for å kontakte andre instansar som barnehage eller skule for å undersøke korleis barnet eller ungdommen har det. Det må føreliggje samtykke frå pasienten før ein tek ein slik kontakt.

 

Snakk med familien om kvardagen i barnehagen og på skulen 

Når tilsette vurderar at situasjonar i heimen vil påverka små barn bør ein snakke med føresette om betydninga av å samarbeide med barnehagen. Når tilsette i barnehagen får informasjon om kva situasjon familien er i, kan dei forstå og ta betre vare på barna.

For større barn og unge bør tilsette snakka med føresette om betydninga av å samarbeide med skulen og/eller skulehelsetenesta. Ein skal, dersom føresette ynskjer det, bistå dei i å ta kontakt. Dersom både skulen og skulehelsetenesta skal informerast bør dei informerast samstundes for å lette samarbeidet.

Når lærarar får informasjon kan dei vera til støtte og hjelp og leggje til rette for barnet eller ungdommen. I samråd med føresette og barnet/ungdommen kan skulen vurdere kva som bør gjerast for at eleven skal få det best mogeleg. Skulehelsetenesta kan td tilby samtalar med helsesøster. Skulehelsetenesta kan også vurdere om det er behov for meir omfattande hjelpetiltak.

Her bør ein nytte Rettleiar for Betre Tverrfagleg Innsats for å sikre rett framgang i situasjonen.

 

Les meir om barn som pårørande:

Veileder om pårørende i helse- og omsorgstenesten

Barn som pårørende – Resultater fra en mulitsenterstudie

Sjå også informasjon frå spesialisthelsetenesta her; https://helse-fonna.no/barn-som-parorande