Nivå 0 - Undring og observasjon
Definer uroa for eit barn. Del uroa med næraste leiar, før du eventuelt deler uroa med føresette/barnet.
Når du undrar deg over eit barn, kan du registrere ein observasjon i Conexus Elevate stafettlogg. Observasjonen treng ikkje vera ei bekymring . Det kan vera noko du legg merke til fagleg, sosialt eller knytt til trivsel. Observasjonar kan stå for seg sjølv, eller knyttast til ei utfordring seinare dersom eit mønster viser seg.
Steg:
- 1Definer uroa for eit barn
- 2Del uroa med leiaren din. I Elevate stafettlogg kan leiar sjå observasjonart som er registrert på barn i si eining, slik at drøftingar vert basert på dokumentert informasjon.
- 3Del uroa med føresette/barnet
- 4Grunn til vidare oppfølging? Dersom det er grunn for vidare oppfølging, kan observasjonar eskalerast til ei utfordring i Elevate stafettlogg. Alt som er dokumentert følgjer med vidare.
- 5Avslutt saka
