-

Kvifor tidleg innsats

 

Tidleg innsats handlar om å gje hjelp så tidleg som mogeleg i eit menneske sitt liv. Det vil seie både tidleg i alder, men også tidleg i eit forløp.

Med tidleg innsats kan me unngå at vansken vert unødvendig stor og at det oppstår tilleggsvanskar.

Med tidleg innsats kan me også førebyggje:

  • skeivutvikling
  • sosiale vanskar
  • lærevanskar
  • fråfall i skulen
  • å hamne utanfor arbeidslivet

Grip derfor tak i mistankar du måtte ha. Undersøk. Ikkje vent å sjå.

 

Kva kan ei uro vera?

Dei fleste av oss kjem i løpet av livet opp i situasjonar der me har mulighet til å førebygge og gripe tidleg inn for eit barn eller ein ungdom.

Det kan for eksempel vera at me ser at barnet/ungdomen;

  • strir litt med lesing og skriving
  • gjer seg dårleg forstått
  • mistrivst i barnehagen eller på skulen
  • er mykje vekke frå skulen
  • har vanskar med å få vener
  • blir mobba/utestengt
  • mobbar eller plagar andre
  • vegrar seg for å eta
  • har eit spesielt usunt kosthald
  • manglar nokre ferdigheiter som ein normalt kan forventa i ein gitt alder

I nokre tilfeller kan det også vera at ein opplever signal frå foreldra som gjer oss uroa for evna deira til å vera foreldre?

Det kan vera at dei:

  • i stor grad let andre henta og levera i barnehagen
  • ikkje overheld avtalar
  • vert opplevde som særskilt usikre, irritable eller sårbare
  • verkar likegyldige til eiga framtoning 
  • ofte luktar alkohol 

 

Signala som gjer oss urolege kan vera høgst ulike, vage, diffuse og vanskelege å tyda, og ha ulik grad av alvorlighet.  Då er det lett å kjenna på eiga uvisse: Har eg observert rett? Kan eg risikera å laga «ei sak» ut av ein bagatell? Bør eg dela uroa mi med andre? Svaret på det siste spørsmålet er heilt klart JA.

Som medmenneske skal me bry oss, og dei av oss som er kommunalt tilsette pliktar å ta tak i dei observasjonane me har gjort.

Me skal ikkje avventa eller setja vår lit til at andre fangar opp dei same signala som oss.

Kanskje er det nettopp du som ser barnet/ungdomen best?

 

 

Handlingsrettleiaren til kommunen inneheld både ei oppskrift på korleis me skal gå fram for å avklara om det er grunnlag for uroa, samt ei rekke konkrete verktøy. Både framgangsmåten og dei tilhøyrande verktøya er primært tenkt til bruk i kommunale tenester, men også privatpersonar kan ha nytte av dei.

Til dømes kan Observasjonsskjema for barn og unge , Signal på manglande trivsel , Skala for uro: barn og unge og Skala for uro: foreldre hjelpa deg med å setja ord på og definera uroa du opplever.

 

Dersom det er mistanke om vald eller overgrep skal ein kontakta politi eller barneverntenesta direkte.

Barn og unge er i ei sårbar utvikling, og mobbing/manglande inkludering kan få uheldige verknadar. Det er viktig å arbeide for at alle barn og unge skal ha det trygt og godt og føle seg inkluderte  i miljøet i skule og barnehage.

Mulige kjenneteikn på at noko er gale kan vera:

  • Vil ikkje gå på skule/barnehage
  • Er redd for å gå til og frå skulen
  • Går omvegar til og frå skulen
  • Mistar eller har ødelagte bøker, leiker eller klede
  • Unngår vener og andre barn
  • Blir fort sint
  • Mistar sjølvtilliten
  • Har ofte vondt i mage/hovudet
  • Slit med å få sove
  • Har sår, skrammer og blåmerke

Les meir her:

Guide til foreldre med barn som ikke har det bra på skolen

Barnet mitt blir mobba i barnehagen, kva kan eg gjere?

Barnefattigdom

I Norge er den generelle levestandarden høg, og det er vanleg å nytte definisjonar av fattigdom som handlar om meir enn fysisk overleving. Det betyr at fattigdom ikkje berre handlar om mangel på mat, klede og tak over hovudet. Fattigdom betyr også det å mangle mogelegheit til å delta sosialt på lik linje med resten av samfunnet.

Barn og unge treng relasjonar med jamnaldringar for å ha eit godt liv. Ungdom seier at det som er verst med å vera fattig er at ein ikkje kan delta på det andre kan delta på. Eit viktig verkemiddel for å motverke konsekvensane av å vekse opp i låginntekt er gratisprinsippet i skule.

Gratisprinsippet er heimla i Opplæringslova og viser til retten til gratis offentleg grunnskuleopplæring. I praksis betyr dette at offentleg grunnskule og vidaregåande opplæring skal vera gratis for elevane og dei føresette. Elevane har altså lovfesta rett til opplæring utan å måtte betale for den. I dette ligg det at elevar skal kunne gå igjennom grunnskuleløpet utan at inntekta til dei føresette skal ha betydning. Dette vil vidare sei at alt som skjer i skulen sin regi skal vera gratis for elevar og føresette. Det gjeld avslutningar, turar osv.

Dersom ein har låg inntekt og/eller treng hjelp til å ordne i økonomien sin kan ein få hjelp og rettleiing ved NAV Kvinnherad.  Her vil du også kunne få vurdert om du har rett til til dømes sosialstønad.

Les meir om økonomisk stønad til livsopphald her  Økonomisk sosialhjelp

I Kvinnherad er SFO- tilbodet gratis frå 01.01.23

Foreldre med barn i barnehagen kan søkje om redusert foreldrebetaling

Kvinnherad kommune vil opprette ordning med fritidskasse truleg frå 01.01.24