Tenester for barn, unge og familiar

I Kvinnherad kommune er dei fleste tenestene til barn og unge samla hos Eining for barn og familie. Dersom du er usikker på kva teneste du skal ha kontakt med eller kven du skal snakke med kan du henvende deg til Eining for barn og familie på telefonnummer 53 46 16 90 eller til Kvinnherad kommune sitt sentralbord på 53 48 31 00 for hjelp vidare.

Under vil du finne ein oversikt over aktuelle tenester vår kommune har for barn, unge og familiar i alfabetisk rekkefølgje.

Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk - BUP Stord

BUP gjev eit spesialisert tilbod innan psykiatri til barn og unge (opp til 18 år) og deira pårørande. Dei har tilbod innan utgreiing og behandling av angst, åtferdsvanskar, utviklingsforstyrring, AD/HD, depresjon, tvangslidingar, alvorlege belastningar/traumer, autisme, sjølvmordsfare, psykose, eteforstyrringar og skulevegring.  

Les meir om BUP Stord her

For meir informasjon om samhandlingsforløp på tvers av kommune og spesialisthelseteneste for barn og unge: HelseFonna

Barnevernet

Barneverntenesta tilbyr støtte og hjelp til barn, unge og deira familiar.

Er det vanskeleg heime, eller er du bekymra for korleis nokon du kjenner har det?  Barneverntenesta skal bidra til trygge oppvekstvilkår for barn og unge, og den skal sikra at barn og unge som lever under forhold som kan skade deira helse eller utvikling, får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid. Barnevernet skal såleis både driva førebyggjande arbeid, i tillegg til å verna om dei barna som har behov for det. Omsynet til kva som er best for barnet er avgjerande. Hjelpetiltak kan vera foreldrerettleiing, miljøarbeid, familieråd, besøksheim og støtte til fritidsaktivitetar for barn. Barneverntenesta er oppteken av at barn og unge skal få oppleve at dei har medverknad på tiltak frå barnevernet, når deira alder og modning tilseier det. Alle tiltak som barneverntenesta set i gang, skal vera til det beste for barnet. Tiltaka vil difor vera ulike frå situasjon til situasjon, og frå eit barn til eit anna.

Målgruppe: Barn og ungdom under 18 år. Ved samtykke frå ungdommen kan tiltak vidareførast inntil ungdomen har fylt 23 år.

Når bør du melda frå? 

Om du er uroa for om eit barn får god nok omsorg, bør du melda frå til barnevernet. Di bekymringsmelding kan vera viktig for barnet eller ungdommen det gjeld. Du treng ikkje vera sikker på at noko er gale før du melder frå. Har du ei magekjensle på at barnet ikkje har det bra, bør du kontakte barnevernet.

Det er barnevernet sin jobb å vurdere korleis meldinga skal følgast opp. Di oppgåve er å sørgja for at barnevernet får vita om barn og unge som har det vanskelig.

Meir informasjon om barnevern: https://www.bufdir.no/barnevern/  

Kontaktinfo

Kvinnherad barnevernteneste, Stølshaugvegen 5,  5460 Husnes

Telefon: 53 46 16 90

Barnevernleiar: Randi Pedersen

Epost: randi.pedersen@kvinnherad.kommune.no  

Alarmtelefonen for barn og unge 116 111 (gratis)

Denne er open når barnevernet sin vakttelefon er stengt, dvs. vekedagar 14.00 – 08.00 og 24 timar helger og helgedagar.

Familievernkontoret

Familievernkontoret i Odda tilbyr gratis parterapi, familieterapi og pliktig mekling ved samlivsbrot. Du treng ikkje henvisning for å komme til oss. Dei fleste kjem til oss for rådgjeving og samtalar om kvardagsproblem i parforholdet. Eller når det er vanskar, konflikter eller krisar i familien. Du kan heilt uforpliktande ta kontakt med oss per telefon eller epost. Merk: Vennligst ver varsam med personopplysningar dersom du kontaktar oss på epost. Me som jobbar på familievernkontoret er utdanna psykologar, pedagogar og sosionomar med vidareutdanning i familieterapi. Alle som jobbar hos oss har teieplikt! Ventetid: Familievernkontoret har som mål i tilby meklingstime innan 3 veker frå bestilling. I andre saker som par- og familieterapi og foreldreveiledning ha me som målsetting at ventetida ikkje skal vera meir enn fire veker. I desse sakene vil par med barn verta prioriterte.

Kontaktinfo

Telefon/timebestilling: 46 61 91 50

Telefontider: 08.30 – 15.00

Epost: familievernkontoret.odda@bufetat.no

Opningstider: 09.00 – 15.00

Meir informasjon om familievernkontoret her

Fastlegeteneste

Fastlegeordninga gjev alle innbyggjarane i Norge rett til å ha ein allmennlege som sin fastlege. Alle har rett til å vera knytt til ein fast, namngitt allmennpraktiserande lege.  Fastlegeordninga er friviljug. Dei som ikkje ynskjer å vera ein del av fastlegeordninga, må sjølv finna ein allmennlege å gå til. Fastlegen har avtale med kommunen om å gje innbyggjarane allmennlegetenester, både når det gjeld somatiske og psykiske problem. Vedkommande har inngått avtale med kommunen om deltaking i fastlegeordninga, og skal vera tilgjengeleg for sine pasientar og prioritere desse. Fastlege kan kontaktast ved akutte tilstandar som oppstår på dagtid. Alle legekontora i kommunen har plikt til å setje av rimeleg tid til akutte tilfelle.

Det er 4 legekontor i Kvinnherad kommune;

Hatlestrand Helsesenter med tlf nr 53 46 14 80

Rosendal Helsesenter med tlf nr 53 48 32 00

Husnes Helsesenter med tlf nr 53 46 16 00

Halsnøy Helsesenter med tlf nr 53 46 15 30  

For å få meir informasjon om opningstider på dei ulike helsesentra sjå Kvinnherad kommune si heimeside: Her  

Fysio- og ergoterapitenesta

Fysioterapitenesta utfører undersøkingar og behandling, førebyggjande tiltak, habilitering og rehabilitering i og utanfor institusjon. 

Fysioterapeutar samarbeidar nært med andre faggrupper i kommunen og i spesialisthelsetenesta.

Tenesta skal fremja best mogeleg helse og eigenmestring for innbyggjarane i kommunen, og vert utøvd i ulike institutt, sjukeheimar, skular og barnehagar, på helsestasjon, i omsorgsbustader og i pasienten sin heim dersom det er behov for det. 

Kommunen har både kommunalt tilsette fysioterapeutar og fysioterapeutar som driv privat praksis.

Les meir her: Helsetenester

Habiliteringstenesta

I Kvinnherad er Eining for barn og familie v/einingsleiar ansvarleg for at alle barn (0-18 år) som søkjer habiliteringstenester får tilbod om det. Foreldre kan sjølv ta kontakt, eller kontakten kan komme via spesialisthelsetenesta eller lokale fagtenester som td helsestasjonen. Fastlege vert kontakta dersom søknad/ynskje ikkje kjem frå han/henne. I dei fleste tilfella, der barn har behov for habiliteringstenester, vert dette oppdaga på helsestasjonen eller på nyfødtavdelinga. Kvinnherad kommune har ei rutine på at alle barn som er født meir enn 4 veker for tidleg vert tilvist fysioterapeut for vurdering. Der fysioterapeut og/eller helsestasjon vurderer at det er behov for rettleiing om emosjonelt samspel tek dei, i samråd med foreldra, kontakt med PPT. Tiltak kommunen kan yte innan habilitering er blandt anna;

Ansvarsgruppe

Når ein ynskjer det kan det etablerast ansvarsgruppe. Tilsette i kommunen som har ansvar for oppfølging skal foreslå for foreldra å etablere ansvarsgruppe dersom fleire fagpersonar er/bør vera involvert i arbeidet med samme barnet. Føresette kan føreslå kven som skal vera koordinator for ansvarsgruppa, men ansvarsgruppa evt aktuell einingsleiar avgjer dette. Foreldra skal alltid vera representert på møter i denne gruppa, og det skal delta så få fagpersonar som mogeleg frå kvar eining. Koordinator for ansvargruppa har ansvaret for å hjelpe føresette med søknad om ulike tiltak og samle alle rapportar og utgreiingar om barnet. Dei andre medlemmane er forplikta til å formidle nye rapportar/ny informasjon til koordinator. Føresette skal i første møtet gjerast kjent med denne informasjonen og gje skriftleg samtykke til ordninga. Foreldre har ein sjølvskriven plass i ansvargrupper og på evalueringsmøter i skule og barnehage. Barn/unge under 18 år bør også inkluderast i ei slik gruppe, etter alder og modning.

Les også: Barn og unge med nedsatt funksjonsevne – hvilke rettigheter har familien?

Helsestasjon

Helsestasjon for barn 0-5 år Helsestasjonstenesta har ei sentral rolle i folkehelsearbeidet i kommunen og arbeidar både med psykiske/fysiske og sosiale forhold. Tilsette er legar, psykolog og helsesøstre. Arbeidet inneber m.a foreldrerettleiing, rådgjeving, heimebesøk, helseundersøking, vaksinering, kartlegging, støttande/motiverande samtalar, oppfølging og nettverksarbeid. Helsestasjonen har fokus på rettleiing og støtte i spørsmål om barnet si vekst og utvikling. Me vurderer og gjev råd i høve tilknyting, kommunikasjon, samspel og trivnad.

Familiar som opplever overgrep, vald, rus eller andre vanskelege heimeforhold kan ta kontakt med oss på helsestasjonen. Me tilviser ved behov, og samarbeidar blant anna med fastlegar, barnehagar, psykiske helsetenester, PPT og barnevern.

Me har teieplikt og samarbeide med andre skjer etter samtykke frå føresette. Tenesta driv førebyggjande og helsefremjande arbeid. Dersom barnet er sjukt og treng behandling, skal ein nytte fastlegen sin. Helsestasjonen kan gje råd dersom føresette er usikre på barnet sin symptom og behov for legevurdering.

Obs! Febersjuke barn skal ikkje møte på helsestasjonen, men føresette kan ringe for rådgjeving.

For meir informasjon: Helsestasjon

Kontaktinfo

Husnes helsestasjon held til saman med legetenesta i Husnestunet

Telefon: 53 46 16 20

 

Halsnøy helsestasjon held til i lokaler i Halsnøytunet

Telefon: 53 46 15 20

 

Rosendal helsestasjon held til i lokaler i Rådhuset

Telefon: 53 48 32 12/14

 

Hatlestrand helsestasjon held til i lokaler ved Hatlestrand skule

Telefon: 53 46 14 85  

 

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er eit tilbod til skuleelevar opp til 20 år.

Me har mellom anna som oppgåve å fremje eit godt lærings- og arbeidsmiljø for elevane, noko som har sterk samanheng med elevane si helsetilstand. God helse er utgangspunktet for trivnad, vekst og læring.

Skulehelsetenesta arbeidar målretta. Dette betyr at elevane vert kalla inn til helsesøster på grunnlag av tidlegare funn, eller etter eige ynskje frå eleven sjølv, føresette eller lærarar.

Tenesta er eit lågterskeltilbod, og både elevar, føresette og tilsette kan ta kontakt utan avtale. Elevane kan få råd og rettleiing, og det vert gjennomført helseundersøkingar/helsesamtalar og vaksinasjonar på faste alderstrinn.

Me tilbyr også samtale og oppfølging av elevar med ulike vanskar og utfordingar samt foreldrerettleiing til dei som ynskjer det. Me gjer timeavtale for faste undersøkingar og oppfølgingssamtalar. Etter kartlegging hos helsesøster kan elevar bli vist vidare til andre hjelpeinstansar td fastlege, tannlege eller spesialist. Skulehelsetenesta samarbeidar med fleire andre instansar, både i og utanfor skulen. Saman kan me identifisere og løyse helsemessige utfordringar.

Samarbeid kring namngjevne elevar skjer etter samtykke frå føresette eller eleven sjølv.

Skulehelsetenesta tilbyr helseopplysning og undervisning til enkeltelevar og grupper/klassar, mellom anna om tema som psykisk helse, pubertet, sex og samliv.

Les meir: Skulehelsetenesta

Kontaktinformasjon skulehelsetenesta: Helsesøster og skulelege har ein eller fleire faste dagar ved eige kontor på ungdomsskulane i kommunen. Ekspedisjonen på skulen kan opplyse kva tid helsesøster er å treffe evt korleis ein kan nå vedkommande på telefon.  

 

Helsestasjon for ungdom

På Helsestasjon for ungdom kan ungdom mellom 13 og 20 år få råd og vegleiing om alt som opptar dei. Her kan ein og gje råd om å oppsøke andre hjelpeinstansar, som skulehelsetenesta, barnevern, fastlege eller spesialist. Døme på emne som du kan ta opp:

  • Spørsmål om kroppen
  • Hudproblem
  • Problem på skulen
  • Du kjenner deg trist og einsam
  • Parforhold
  • Seksualitet generelt
  • Homofili
  • Rus og rusmisbruk
  • Røyking
  • Graviditet
  • Menstruasjonen
  • Slanking og etevanskar
  • Psykiske vanskar
  • Vonde opplevingar, til dømes seksuelt misbruk, vald/sjukdom i familien

Helsestasjonen kan m.a. hjelpa deg med:

  • Reseptar og anna behandling for helseproblem
  • Tilvisingar til andre instansar i helsevesenet
  • Prevensjonsrettleiing og prevensjon
  • Testing med tanke på kjønnssjukdomar
  • Graviditetstest

Helsestasjonen er bemanna av helsesøster og lege. Tilbodet er gratis for ungdom opp til 20 år. HUSK: me har teieplikt!

Kontaktinfo

Husnes Helsestasjon

Telefonnr.: 53 46 16 20

Adresse: Eining for barn og familie, Husnestunet, 5460 Husnes

Opningstid Me har opent torsdagar får kl 14.00 til 16.00. Det er stengt i skuleferiar Stad: Held til i lokaler i same bygg som Husnes helsesenter og har same inngong som helsesenteret. Du treng ikkje tinge time for å nytte helsestasjon for ungdom.  

Jordmortenesta

Jordmortenesta er ein del av helsestasjonstenesta i kommunen. Me har tilbod for gravide, barselkvinner/par og nyfødde spedbarn. Den gravide står fritt til å velje oppfølging hos jordmor eller fastlege. Me tilpassar oppfølging etter risikovurdering og individuelle behov. Målet er å styrkje det som bidreg til god helse, meistring og normal utvikling i svangerskapet, samt å avdekke evt risiko slik at tiltak vert sett inn i rett tid.

Gjennom helsekontroll, helsesamtale, råd og vegleiing vil me gje støtte i svangerskap, fødsel og tida med det nyfødde barnet. Dette er ei viktig tid i livet der me vil bidra med kunnskap og møte den gravide på dei tankane ho har i situasjonen. Vår erfaring er at dette er ei tid der ein kan ha behov for nokon å snakke med, særleg dersom livvsituasjonen er krevjande og bekymring og uro forstyrrar. Meir informasjon; Jordmortenesta i Kvinnherad  

Krisesenteret Vest IKS

Målgruppa til Krisesenteret er kvinner, menn og barn som er utsette for vald eller truslar i nære relasjonar. Krisesenteret tilbyr ikkje hjelp til valdsutøvaren. http://www.hvorlite.no/ er ei nettside om vald i nære relasjonar og gjer informasjon om kor lite du skal finne deg i. Treng du ein stad og bu i ein akuttsituasjon eller nokon å snakke med, nokon du kan stole på? Du kan ta direkte kontakt med eit krisesenter, og alle dei tilsette har teieplikt. Me kan blant anna tilby deg:

  • Eit menneske som lyttar til det du vil fortelje
  • Informasjon om rettar, råd og rettleiing på telefon eller ved oppmøte
  • Eit mellombels tilbod om ein stad å bu for deg og barna dine. Butilbodet til kvinner og butilbodet til menn skal vera fysisk skilde
  • Hjelp til å få kontakt med lege, advokat, politi, sosialkontor eller andre hjelpeinstansar

Vald, mishandling og overgrep er eit stort samfunnsmessig problem, med alvorlege konsekvensar for dei som er råka. Krisesenteret vil, i samarbeid med deg, vurdere kva som skal til for at du skal vera trygg på senteret. Dersom krisesenteret ikkje kan beskytte deg godt nok, skal kommunen og politiet saman finne ein stad å bu for deg.

Kontaktinfo

Telefon: 53 41 12 12

Meir informasjon: http://krisesentervest.no/tilbud/

Andre aktuelle lenker med informasjon: https://www.korspahalsen.no/

Kontaktperson for barn som pårørande

I følge signert avtale med Helse Fonna HF (tenesteavtale 10) – Samarbeid om folkehelse, førebygging og helsefremming, skal Kvinnherad kommune ha ein kontaktperson som er kjent i føretaket for barn som pårørandearbeid. Denne kontaktpersonen skal:

  • Ha oversikt over rutinar for ivaretaking av barn som pårørande
  • hjelpa vidare til rett person i kommunen

I Kvinnherad kommune er denne funksjonen knytt opp til koordinerande eining.  

Kontaktinfo

Kontaktperson for barn som pårørande: Grethe Revne

Telefon- dagtid: 95 11 83 45

Besøksadresse: Rådhuset

Postadresse: Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal

Koordinerande eining

Koordinerande eining for habilitering og rehabilitering skal ha oversikt over rehabiliteringstilbodet til kommunen, og skal kunne hjelpe deg med informasjon,  igangsetting og samordning av hjelpetiltak.    

Kontaktinfo

Koordinerande eining: Grethe Revne

Telefon- dagtid: 95 11 83 45

Besøksadresse: Rådhuset

Postadresse: Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal  

Pedagogisk Psykologisk Teneste - PPT

Målgruppa til PPT er barn, ungdom og elevar som ikkje får tilfredstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet i skule, eller ikkje får dekka behova sine innanfor det allmennpedagogiske tilbodet i barnehage. Den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT) skal sørgje for at det blir utarbeidd ei sakkunnig vurdering der lova krev det. Dette gjeld først og fremst vurdering om behov for spesialpedagogisk hjelp for barn i førskulealder og behov for spesialundervisning for elevar i grunnskule. PPT skal også bistå barnehagar og skular i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling.

Les meir om Pedagogisk Psykologisk teneste her  

Kontaktinfo

PPT-kontoret Stølshaugvegen 5, 5460 Husnes

Telefon: 53 46 16 90

PPT-leiar: Vegard Røssland Mail: vegard.røssland@kvinnherad.kommune.no

Opningstid: Måndag – fredag Kl 08.00 – 15.30

PPT-kontoret har, som del av Eining for barn og familie, inngang og ekspedisjon i sokkeletasjen i Husnestunet.

Rus og psykiske helsetenester

Rus og psykiske helsetenester er eit gratis kommunalt tenestetilbod til alle som bur i kommunen som er over 18 år. Den rettar seg mot menneske med ulike psykiske vanskar og/eller rus, pårørande og mennesker i livskrise. Du er velkommen til kontakte Rus- og psykiske helsetenester for:

  • Å få nokon å snakke med
  • Informasjon om og spørsmål knytt til rus- og psykisk helse som du lurer på, og som du ynskjer å snakke med nokon om.
  • Støttesamtalar og rettleiing i grupper
  • Informasjon og støttesamtalar for pårørande
  • Kurs og sjølvhjelpsgrupper
  • Støtte til auka meistring i eige liv.
  • Individuell plan – vurdering og koordinering
  • Individuell oppfølging, som din støttespelar i samhandling med andre tenester om til dømes helsetilbod, bustad, arbeid/sysselsetting, fritidsaktivitetar, skule/utdanning.

Alle som jobbar hos oss har teieplikt.

Kontaktinfo Telefon- dagtid: 53 48 31 00

Ved behov for kontat utanom opningstid ring legevakta på 53 47 33 00

Kontoret ligg lokalisert i 2. høgda på Senteret på Husnes. Inngang ved biblioteket.

Opningstider: 09.00 – 15.00  

Meir informasjon og søknadsskjema på Kvinnherad kommune si heimeside; Helse og omsorgstenester i heimen

SLT-koordinator

SLT står for Samordning av lokale rus og kriminalitetsførebyggjande tiltak. Målet er at kommunen sine barn og unge skal få rett hjelp til rett tid, av eit hjelpeapparat som samarbeidar godt på tvers av tenester og faggrupper. SLT modellen skal sikra at ressursar som allereie fins i kommune og politi blir meir samkøyrde og måletta. Du er velkommen til å ta kontakt med SLT-koordinatoren dersom du har ei bekymring for eit enklet barn, enkelt ungdom eller for ei gruppe barn/ungdommar.

SLT koordinatoren er, blant anna, å finne i utekontakten sine lokaler i Ungdomssenteret.  

Kontaktinfo

SLT koordinator: Heidi Jakobsen

Telefon: 90 19 89 72

Epost: heidi.jakobsen@kvinnherad kommune.no

Postadresse: Eining for barn og familie, Husnestunet, 5460 Husnes

Tiltak og ressurs

Denne avdelinga har knytt til seg ulike fagpersonar som er tilgjengelege for barn, unge og familiar i heile kommunen. Dei er ein del av eining barn og familie, og yt vedtaksbestemte tiltak samt lågterskel tiltak som kan setjast inn med det same, utan vedtak, når det er behov for det.

Avdelinga består av:

  • Familieteam
  • Barnehageteam
  • Ungdomsteam
  • Tiltakteam
  • Hjelpetiltak for barn og unge med funksjonsvanskar og deira familiar

Les meir om kva tiltak og ressurs kan bistå deg med på kommunen si heimeside: Tiltak og ressurs 

 

Utekontakten

Utekontakten er ei kommunal teneste for ungdom med to tilsette.

Du kan ta kontakt med oss når du ynskjer nokon å prata med, eller om du skulle trenga rettleiing, råd og hjelp når det gjeld: Skule – Familie – Konfliktar – Rus – Jobb og fritid – Helse – eller andre ting som opptek deg nett no

 

Me har teieplikt

Det betyr at me ikkje kan involvere andre utan at du er informert, for om du har du eit problem me synst er veldig alvorlig vil me diskutera dette med deg, for å sjå om ikkje andre kan hjelpe deg betre enn oss. Utekontakten kan hjelpa deg å komme i kontakt med desse.

 

Råd og rettleiing

Utekontakten bidreg også med råd og rettleiing til foreldre/pårørande og samarbeidspartnarar som tek kontakt med oss. Me samarbeider med andre som har kontakt med og jobbar for ungdom i Kvinnherad. Dette kan vera skular, fritidsklubbar eller ungdommen sitt eige nettverk.

Terskelen for kontakt er låg

Dersom du vil ha råd og tips, kanskje du er bekymra for en venn og lurer på kva du skal gjera?

Ring, send en e-post eller stikk innom. Her kan du vera deg sjølv!

Kontaktinfo

Utekontaktar: Britt Irene Lie og Heidi Jakobsen

Telefonnr.: 90 16 06 12

e-post: kk_utekontakten@kvinnherad.kommune.no

Adresse: Postboks 36, 5480 Husnes

Utekontakten held til i ungdomssenteret. Inngang på nedsida av kulturhuset på Husnes.

Opningstider Utekontakten:

Måndag: Kl 08.30 – 22.00

Tysdag: Kl 15.00 – 22.00

Onsdag: Kl 14.30 – 22.00

Torsdag: Kl 08.30 – 15.30

Fredag: Kl 08.30 – 15.30