-

Barn som pårørande

Familielivet består av store og små hendingar som kan gjera barn til pårørande på ulike måtar. Somme barn opplever at det skjer noko akutt med mamma, pappa eller søsken – ein eller fleire gonger i løpet av oppveksten. For andre er det å vera pårørande ein del av kvardagen.

Det er vanlegast å tenka på barn som pårørande når foreldre eller søsken er sjuke, som følgje av psykisk sjukdom, fysisk sjukdom eller ein skade. Men, det finst også mange andre årsaker til at barn opplever at kvardagen vert vanskeleg og at dei kan kallast pårørande. Det er til dømes mange barn i Noreg som opplever at foreldre misbruker alkohol eller andre rusmiddel. Barn er også pårørande når nokon av dei nærmaste dør. Andre barn opplever belastningar i kvardagen ved samlivsbrot, eller når foreldra er fattige. Fleire barn enn me trur opplever også å vera vitne til vald i familien. Somme har også en forelder som sit i fengsel.​​​

Dei fleste barn som er pårørande vert godt ivaretekne og klarer seg bra. Likevel er det somme som kan utvikla eigne problem. Dette er problem som kan melda seg i oppveksten, eller dei kan bli synlege når barna vert vaksne. Det å vera pårørande kan medverka til at barn opplever angst, depresjonar, åtferdsvanskar, konsentrasjonsvanskar eller fråfall frå skule og utdanning.

Ingen kan med sikkerheit seia at eit barn vil utvikle egne problem, men me veit at det å vera pårørande kan føra til vanskar. Me veit også at dersom barn vert utsette for fleire belastningar samtidig, så aukar det sannsynet for at barnet utviklar eigne problem.

Det er ikkje alltid like enkelt å vita om eins eige barn er pårørande. Alle er me ulike, og alle barn og familiar er unike. Desse tre spørsmåla kan kanskje hjelpa deg med å finna ut av om dine barn kan reknast som pårørande:

  1. Kva relasjon har barnet til den det gjeld? Gjeld det nær eller fjern familie? Har de mykje kontakt? Gjeld det nokon som betyr mykje for barnet?
  2. Korleis er barnet påverka av det som skjer? Har barnet sett eller opplevd noko? Vert dei vanlege rutinane endra? Har kvardagen endra seg?
  3. Kva belastningar er barnet utsett for? Har barnet opplevd noko du trur kan vera vanskeleg? Har barnet vist reaksjonar du trur handlar om å vera pårørande?

Dersom det er vanskeleg å svara på spørsmåla, kan det være nyttig å tenka på kva barnet sjølv ville svart. Nokre gonger får du først svar når du spør barnet.

Helsedirektoratet veiledar

Dersom familien opplever ein akutt eller langvarig situasjon kan ein ha rett på hjelp frå kommunen.

Sjå informasjon under Tenester for barn, unge og familiar

Informasjon er viktig

Barn og unge treng informasjon tilpassa alder og modning. Forståing bidreg til å skape tryggleik for barna. Dette er med på å førebyggje at barn/ungdom utviklar eigne problem. Ofte kan det vera nyttig med fleire samtalar då det ofte dukkar opp spørsmål etterkvart. Studiar viser at barna ynskjer å få første informasjon hos sine føresette, og deretter få mulighet for å få meir informasjon hos/stilla spørsmål til fagpersonar. Råd når ein skal førebu seg til samtale med barnet/ungdommen:

  • Tenk gjennom kva barnet/ungdommen treng å får vite.
  • Tenk gjennom kva du vil sei og kva du evt ikkje vil sei
  • Bruk ord og omgrep som barnet/ungdommen forstår
  • Førebu svar på vanskelege tema og spørsmål

Det er viktig at barnet/ungdommen får snakke fritt om sine erfaringar, og at dei vert oppmuntra til å stille dei spørsmåla dei har.

 

Informasjon til dei som møter barnet i kvardagen

Ein tilrår at barn, så langt som råd er, har ein  forutsigbar kvardag. Dei treng å gå på skulen, i barnehage, vera saman med vener og delta på fritidsaktivitetar. Desse stadene kan fungere som fristad i ein vanskeleg situasjon men kan også vera stader der ei evt belastning heime kjem til uttrykk. For at barnet skal ha ein trygg og god kvardag, er det viktig at dei som møter barnet i barnehagen, på skulen og i nærmiljøet har tilstrekkeleg informasjon om barnet sin situasjon slik at dei kan bidra med nødvendig oppfølging og støtte. På denne måten kan dei forstå barnet sine reaksjonar og møta barnet på ein god måte. Avhengig av alder og modning har barn rett til å bli høyrt og teke omsyn til når det gjeld kven som bør få nødvendig informasjon. Dersom ein er usikker på korleis ein best kan gje slik informasjon kan ein ta kontakt med fastlege eller helsesøster. Desse vil kunne bistå i dette. Det skal alltid føreligge signert samtykke frå føresette før slik informasjon kan bli gitt.

Les meir om barn som pårørande: Når barn blir pårørende  Pårørendesenteret

Sjå også informasjon frå spesialisthelsetenesta her; https://helse-fonna.no/barn-som-parorande